Margun og Jan Jøssang

... århundre gamal dam med froskar, bomullsplanten på marka, løyndomen med ein pinjeskog.

Margun og Jan Jøssang


Kjære Eckhart!

Sender vedlagt ein del bilder frå turen. Det er litt tekst bak på bildene. Fint om du kunne senda bilde til Hotel Akarsu
av ekteparet med den innvidde sonen. Me sender bilder direkte til Fatih og Serife. Det var ein utruleg fin tur som ein bare kan ønska seg tilbake til.

Inntrykk frå Tyrkia-turen.
DOBAG-turen til Tyrkia er ei oppleving utan om det vanlege, fordi turen går utanom den vanlege turiststraumen.
Skal ein kort sumrnera opp ein del av inntrykka, blir det slik:

DOBAG-Iandsbyane er noko heilt spesielt. Folka der, husa, stemninga, teppene. Er du ikkje interessert i tepper,
kan du bli facinert av det som er vakkert. For teppene er vakre! Og me fekk dei demonstrert på ein måte som er
eit minne for livet.

Eg ser tilbake på dei særeigne spiseplassane. Alle gode råd om korleis me skulle forehalda oss. Ein behageleg
buss, med ein dyktig sjåfør. Gode reiseleiarar, kunnskapsrike, hyggelege. Opplevinga av å bli teken vare på,
den fine handteringa av gruppa slik at alle kjende seg heime der. Gode hotell å bu i.

Eckhart sin sans for detaljar: århundre gamal dam med froskar, bomullsplanten på marka, løyndomen med ein pinjeskog. Hans store og allsidige kunnskapar om historie og kultur og hans evne til å fortella om dette.

Dyktige innleigde guidar i Troja, Pergamon og Efesos. Det andaktsfulle i Marias hus. Det storslagne i greske
og romerske byggverk og kultur.

Eg hadde med om lag dobbelt så mykje film som eg tenkte å bruka. Men Eckhart hadde reservefilm...

Mangt kunne eg fotografera. Andre opplevingar flaug forbi, men sit framleis att i minnet: To små jenter hand i hand
på veg over en solsvidd åker i solnedgangen. Ein vid, grøn åker med skog omkring, og midt det ute eit lite blått
hus med raud teglstein på taket. Vemodet ved å stå i restane av eit Atenetempel i ruinbyen Aigai med milevidt
utsyn over landskapet....

Turen var full av opplevingar. Det er berre å ta i mot.

Margun og Jan Jøssang

 
Fotografering

Som en hovedregel er det uproblematisk å fotografere i Tyrkia og Marokko. Man skal allikevel være oppmerksom på at ikke alle liker å bli fotografert. Vis omtanke og spør alltid vedkommende først.